Langeland ski- og fritidssenter

-regionanlegg for ski og friluftsliv-

Om anlegget:
Anlegget er mykje brukt både sommar og vinter, og er lokalisert i eit regionalt viktig friluftsområde. Langeland Ski- og fritidssenter AS driftar anlegget på dugnad av medlemmane i Førde IL og Gaular IL. Kommunane var tidlegare med i partslaget som stod for drifta, men ordninga vart avvikla i 2011. Sunnfjord kommune gir i dag årleg støtte til drifta.

Skiløyper:
På vinteren er det per i dag vel 5 km med lysløype og om lag 20 km turløype som har god breidde og kan preparerast med konkurransestandard.
Løypene er mykje brukt både på dagtid og kveldstid. Lysløype vert preparert to gonger per dag ved behov. Turløyper blir preparert ein gong per dag når forholda tillèt det og ved behov.
Før sesongen 2019-20 vart det opparbeida nye konkurranseløyper som er FIS-godkjent. Frå aktive langrennsløparar har vi fått gode tilbakemeldingar på dei nye løypene, medan turløparar/mosjonistar synest dei er harde. Sjølv om 5 km løypa kan opplevast som krevjande, så er det ikkje urovekkande lang konkurransetid. Det er fin lengde og profil på sprintløypene.
Dagens krav til breidde på løype gjer ofte at dei vert svært dominerande i landskapsbildet, men på Langeland synest vi at løypene ligg fint i terrenget.

FIS løyper Svart
Lysløype Gul
Turløype Blå

Produksjon av snø:
Snøproduksjonsutstyret har vore i bruk nokre år, og fungerer fint. Anlegget er levert av Top Teknikk i Sverige med 8 mobile kanoner på slede og 4 tårnkanoner. Det er grave ned røyrgate frå Langelandsvatnet med straumforsyning og kompressor ved skistadion.

Ved gode forhold (frå -5° C og kaldare) kan vi produsere tilstrekkeleg med snø i løpet av 5-6 dagar, til ei løype på om lag 2 km. Ved stadion kan vi produsere snø i depot, og med relativt kort transport kan vi sikre 2,7 km med kunstsnø.

Prepareringsutstyr:
Trakkemaskina av typen Pisten Bully 100 er kjøpt ny i 2020. Maskina er godt eigna for anlegget og er utstyrt med vinter belte.
Skisenteret har i tillegg ein ATV med belte som vert brukt til grunnpreparering med lite snø og til anna transport av utstyr i anlegget.

Rulleskiløype:
Rulleskiløype var ferdig i 2017 med ei samla lengde på vel 3 km (sløyfe på 2 km + 1 km med runding på stadion). På stadion er det lagt til rette for eit større areal og ei kort og flat løype som dei minste kan trene seg i. Det er lys i heile løypa. Langs skuldra på 2 km sløyfa er det lagt til rette for sykling eller løp med underlag av grus.

Framtidsplanar:
Skiskyting
I samarbeid med skiskyttarmiljøet i Førde er det planar for etablering av standplass for skiskyting. Anlegget er avklart i reguleringsplan, og søknad om løyve til tiltak er til handsaming i kommunen.
Skileikeanlegg
Skisenteret har etablert kontakt med NSF for å legge planar for utvikling av aktivitetsområde til eit skileikanlegg. Vi vil også vurdere tiltak for betre tilrettelegging på sommarstid (sykkeltrasear, barklegging osb.).
Løypenett
Ein konsekvens av FIS-godkjenning av løypenettet er at løyperetning er snudd i delar av løypenettet. Betre tilrettelegging for «dagleg» bruk av FIS-løypene og å separere turløyper frå konkurranseløyper vil krevje breiddeutviding og omlegging av kortare delar av løypenettet som vi jobbar med å realisere.
Skistadion
Vi har også sett på høve til å lage undergang for utbetring av tilkomst til startfelt på stadion.

Andre aktivitetar:
Kleiva hoppbakkar

Rett over på andre sida av E39 ligg det hoppbakkar som er drifta gjennom Langeland ski- og fritidssenter AS. Det er bakkar på K8, K15, K30 og K52. I samband med omlegging av løyper i 2019 laga vi også ein liten hoppbakke som ligg langs nærløypene/lysløypa.

Kontaktperson: Ole-Jakob Sande (ole-jsan@online.no)